søndag 29. november 2009

Julegrantenning i bygda


For første gang skulle bygdekvinnelaget
arrangere Julegrantenning med påfølgjande
førjulskafe og basar i ungdomshuset.
Her er ein del av medlemmane i laget,
som de ser, ein trivelig gjeng:-)))



Gjett om det vart suksess!
Her er en del av lokalet, og
køa for kaffi, gløgg, lefser, natronkaker, sveler
og platekaker, rakk heilt bak til døra.
Neste år skal vi benytte ferdig opp-pussa
lokaler i første høgda.

Barnekoret sjarmerte med julesanger

og musikken spilte flott ute i kulden.

Med slik oppslutning frå bygda,
tar vi nok på oss arrangementet neste år og:-)

(Ps. bilda har eg lånt frå starheimsbygda.no
eg fikk aldri tid til å ta bilder sjølv)

onsdag 25. november 2009

Julekaker

Så var vi ferdige med julebaksten for i år:-))))
Vi møttes 3 veninner på hytta mi og bakte
6 sorter julekaker.
Effektivt og sosialt, vi bakte alt på ein dag og
da var det tid igjen til god mat og godt drikke om kvelden.
Dette må bare bli ein tradisjon.

Tradisjonen tro vart lefsene baka på ein laurdag
saman med svigerinna mi,



og flatbrøda ein kveld i kjellaren hos ei av
mine julekakeveninner.

Då var eg ferdig med mine 7 sorter:-)

fredag 13. november 2009

Løpere



Nytt kurs; en dags kurs med Randi Røys,
medlem i Nordfjord Lappe- og Quilteklubb
Ei kreativ dame som komponerer mønster sjølv.
Løperen nedanfor er orginalen.



Denne kan brukes både til jul og når ein har lyst
til å pynte med rødt.
Klikk på bildet for forstørring, nydeleg stoff
det lyse med gullmønster.
Det er kjøpt hos Lappestua på Nordfjordeid.


Dobbeltsidig jul/advent.

onsdag 4. november 2009

Oppdatering oktober

Oktober kom og gjekk uten eit pust i bakken.
Det vart ein månad med stor sorg då ein nær venn av
oss gjekk bort så altfor tidlig, men og med
lyspunkt som besøk av barnebarnet.

Denne veska sydde eg på eit kurs med Marit
frå Bernina, arrangert av Ingun i Primula på Nordfjordeid.
Kjekt kurs der vi lærte mange nye triks med symaskina vår.



Vi i bygdekvinnelaget hadde flatbrødbaking
som tema ein kveld.
Vi har tatt over julegran tenninga i bygda,
så no skal her bakast både lefser, natronkaker
og anna til basaren som vi skal arrangere,
når grana skal tennast den 28. nov.




Og så var det besøk av barnebarnet.
Eplet er plukka i hagen hos mormor og besten.
Såg ikkje dette godt ut vel??


Nokre bilder frå Vestlandstreffet på Stord.
Svigerinna mi og eg var der bare for
å titte og få inspirasjon.


Veggbilda/løparane til Birte Lee Tveit
er alltid inspirerande.
Vi skal ha kurs med henne i oktober neste år,
og gler oss allereie.


Denne maskina var litt finurleg.
Ein la nedpå stoffet og kunne bare rulle det
gjennom, dermed hadde en f. eks mange ferdige
hjerter, strimler eller kva ein måtte ønske.
Denne hadde vore fin å ha i klubben, og bruke
når vi har kurs.




Bilder blott til inspirasjon.

onsdag 30. september 2009

Vestlandstreff

Fredag reiser svigerinna mi og eg til Stord på Vestlandstreff
Vi har ikkje tenkt å gå kurs denne gangen,
men har meldt oss på foredrag og festmiddag.
Så denne gangen skal vi bare nyte og ikkje yte.
Vi skal bu hos ei av dei utallige svigerinne søstrene,
så eg har lagd ein pose til henne.
Litt greit å kunne velge, så ein vart til to.
Vi får håpe ein av dei fell i smak.





onsdag 23. september 2009

Teppe 1


No er eine teppet klar til kanting.
Med så mange forskjellige stoff i teppet var det
likevel vanskeleg å finne det rette stoffet til kantane.
Eg har tenkt å prøve med dette og satsar på at det blir bra.


Eg måtte bare kjøpe desse boksane idag.
Fann dei hos Primula
Der var komt inn så mykje lekkert,
at det er klin umulig å ikkje kjøpe noko.

tysdag 22. september 2009

Tepper til barne-barna


Dette er begynnelsen på sengetepper til
barnebarna. Har laga nokre blokker med
bamser, sommerfugler og blomster.
I løpet av hausten skal dette bli 2 sengetepper.




Kanskje det blir julegåver?

onsdag 16. september 2009

Amalie Kristine

Så har vi vore i barnedåp til vårt lille
(ste)barnebarn Amalie Kristine.



Denne kake er laga med marsh-mallows ikkje marsipan.
Eg har aldri smakt det før, men det var jo kjempegodt.
Og litt utradisjonell i fargen...

Sjå så lekker kake.

Kjolen har mormor til Amalie Kristine strikka.
Eg hekla rundt kanten og sydde i knapper og
da måtte eg bare ta bilde av den.
Synest kjolen var nydelig.

torsdag 27. august 2009

Høvringen

I helga var eg på Høvringen saman med
barndomsveninner.
Vi hadde ei fantastisk lang-helg med nydeleg ver
og laaange fjellturer.
Her er nokre av oss som gjekk lørdag, først over fjellet til
Putten Seter og derfra til Formokampen nesten 1500m høgt.
Flott tur på vel 6 timer.
Vi var litt for tidlig på året til at haustfargane var komt i fjellet,
no var der eit teppe av nydeleg kvit reinlav.





Utsikt frå Vardehøj og mot Høvringen.

Litt uklart bilde, men fuglemor har funne seg flott reirplass.



Fredag gjekk vi til Peer Gynt hytta.
Der er mange små hytter som er laga kun av
skiferstein frå området.
Den dagen vi var der var hytta stengt, men i helgane
blir der servert rømmevafler.


Peer Gynt hytta.

torsdag 20. august 2009

sommer-sying




Sommar-syinga mi i år har vore "truse-poser"
Eg har sydd mange og gitt bort i gåver.
Den røde fikk ei lita jente på 4 år, storesøster
til tvilling-brødrene Emil og Aron.
Fin til både hårpynteting og/eller dukke-klær.
I dag reiser eg til Høvringen der 10 veninner
frå barneskulen skal møtes.
Gjett om vi får det moro!
Ingrid og eg har sydd truse-poser til alle.......


onsdag 19. august 2009

Årets først plomme


Å så godt det smaker med plomme og eple
rett frå trea i hagen hos mormor og besten:-)

måndag 10. august 2009

Lekkert



Sjå for ein flott orkide eg fekk med
feriegjestane.
Nydeleg..., tusen takk og velkomen tilbake.

onsdag 5. august 2009


Denne helsinga har eg fått frå Bente.
Tusen takk, det er alltid hyggelig å bli satt pris på.
Eg vil gje den vidare til alle kreative og dyktige
jenter der ute, som gjev meg inspirasjon og
mange hyggelige stunder framfor både symaskina og PC-en.

søndag 26. juli 2009

Tur til Vulu-dalen


Tur i Vulu-dalen på Strynefjellet.
Ein starter ved Øyberg seter, går langs elva oppover
og ca 8 km innover fjellet.
Der ligg Vulu-vatnet, fint fiskevatn der det visst
skal vere passeleg store fisker i.
Sjølv om det ikkje var nokon som beit på vår fiskekrok!


Nydelege fjellblomster.


Denne herremannen med briller på,
holdt eit frykteleg spetakkel og
meint av vi skulle pelle oss der ifrå,
vi forstyrra visst familien hans.
Ja, ja kvar syte for seg og sine.

torsdag 16. juli 2009

Poser til så mangt

Det blir ikkje gjort så mykje handarbeid
no i sommar, men eg har sydd nokre poser
til "alt mulig" bruk.
Desse tenker eg å bruke til gåver og bursdagsbarnet
i morgen skal få en, så får vi bare håpe den fell i smak.







torsdag 2. juli 2009

Rotur i Austerled


Den årlege roturen gjekk i år
innover Nordfjorden.
Vi er ein god gjeng som bruker båt og fjord til sosialt samhald.
Båten er ein femkjeiping, dvs at 10 ror + ein styrmann.
Første kvelden overnatta vi i telt og lavvo ved Øksenelvane
kraftstasjon. Ikkje alle kan ro så nokon frakter bagasje og utstyr
i motorbåt. Der er ein god del av det slaget når 17 stk
skal på tur med soveposer, telt, mat og klær.



Snakk om å vere heldig med veret når denne turen var
planlagt for eit halvt år sidan.


Flate marker og høge fjell. Mellom der går fjorden.
Eit underleg landskap.
Løypestrengen stod klar til å sende varene oppover
fjellsida til gardane høgt der oppe.
Dette er på sørsida av Nordfjorden på veg innover
til Gloppen.
Der ligg fleire små gardsbruk av det slaget "der
ingen kunne tru at nokon kunne bu"


Turen endte på Rygg i Gloppen og eg kan underskrive
på at Nordfjorden er laaaang når ein tek årane fatt,
sjølv om eg på denne turen var styrmann.


Kveldsstemning ved Gloppenfjorden.


På retur søndag morgen. Denne gang med motor.
Like flott den dagen også.


Tilbake igjen ved havet og solnedgang kl 23.10
Kan det bli bedre?

St. Hans


I år vart Jonsokafta (som vi kallar St.Hans for på
Vestlandet) feira i et nydelig sommarver.
Bålet er tent på sanden nedanfor hytta vår.



Så har vi pynta treet....
heldigvis er det enno ei stund til jul.

laurdag 20. juni 2009

Award




Frå LAPPETUSSA har eg fått denne koselege helsinga.
Tusen Takk:-)
Vi skal sende ei rose til 8 flotte bloggvenner
og ønske dei ein god dag.
Det er fryktelig vanskeleg å plukke ut bare 8, sidan der
er så mange flotte bloggvenner der ute, men denne
gangen sender eg ei rose til desse:

2nes-quilt
Alette Siri Ane
Ati. Norway
Hallingjenta
Juliann
Lappetausa
Litamora
Mallemor

Ønsker desse og alle bloggvenner ei riktig god helg:-)

tysdag 9. juni 2009

Teppe i Log-cabin


Dette teppet har lagt ei god stund som ein stor UFO,
sjølv om det ikkje var så mykje arbeid som mangla.
No er det ferdig og skal brukast på hytta, enten
som ein quilt nederst på sengekanten eller
i benken ute på terassa.

onsdag 27. mai 2009

Tur til Furefjerding


Vi i bygdekvinnelaget var på tur til Furefjerding igår.
Høgt, høgt over Nordfjorden.
Vi tok av frå hovudvegen og kjørte 2,5 km rett oppover,
deretter gjekk vi vel ein kilometer.
Der ligg to gardar, den eine bur der folk i, mens
denne var fråflytta for bare nokre få år sidan.
Her budde eit par, hus lade og fjøs til sauene i same bygning.
Der er ikkje vei bort, så alt måtte fraktast med taubane eller berast.
Straum hadde dei kun dei par siste åra dei budde der.
For oss materialistane er det vanskeleg å tenke oss
tilbake til eit slikt liv, men dei hadde kvarandre, frihet
og heilt sikkert eit godt liv.


Blomsterpotta stod fortsatt i vindauget.



Og her er ein gjeng spreke damer.
Regn ingen hindring!!

måndag 11. mai 2009

Sybok

Endelig er syboka mi fiks ferdig:-))))


Side 2 og 3. Her er det plass til ei lita
skjærematte av den typen som ein kan snurre rundt.

Side 3 og 4 er laga til for å oppbevare sakser.
Eg har sydd 3 sakse etui i ulike størrelser,
som er festa med patenter til boksida.
Den japanske bretteteknikken foran kan
brukast som små lommer.

Sakse etuia er også laga i japansk bretteteknikk.

Side 4 er ein stor lomme til prosjektbeskrivelser.
Og side 5 er ein lomme til diverse ting og tang.


Her valgte eg å bruke hullstrikk og feste den
med knapper. På halve sida sydde eg eit deksel
slik at ikkje sytråden dett ut.

Desse sidene er også lommer.

Side 10 består av 4 nåleputer som
ein arbeidskollega har tova i rein ull.


Side 11 har fått 2 små lommer til symaskin-nåler,
og neste side brukes til linjaler.


Denne syboka er sydd etter eit kurs som
Nordfjord Lappe- og Quilteklubb arrangerte
med Patricia Iden.


måndag 4. mai 2009

Votter og vår

Ein kollega av meg på jobb har kjøpt desse vottane.
Dei er strikka i alpakka-ull og kjentes heilt nydelig på.
Sjå kor detaljrike dei er, her er det verkelig snakk
om tålmodighetsarbeid.




Eg kan ikkje dy meg, men må legge inn nokre hagebilder også.
TT, det ser ut som vi får kirsebær i år og......



Ved hytta blomstrar kusymra i rikt monn,


og denne nordiske orkideen veks vilt ute ved kysten.

måndag 27. april 2009

Jentetreff på hytta


Denne helga har eg hatt besøk av
klasseveninner frå barneskulen.
Vi var 6 veninner som fann tid til å møtes
på hytta mi fredag kveld.
Laurdag gjekk vi på tur til Skongsnes Fyr.
Sjå kor heldige vi var - strålande sol,
varmt og med ein liten bris.
Tusen takk for ei flott helg:-)

tysdag 14. april 2009

Fotokurs

Eg har begynt på fotokurs!
I fjor fekk eg nytt digitalt speilreflekskamera i gåve,
men kva alt betyr og korleis det skal brukast
er nærast gresk for meg.
Eg har vore på ein kurskveld og alt
er fortsatt særdeles uklart!
Iallefall har eg tatt nokre bilder no i påska,

dette er motiv frå eit lite tjønn som ligg på fjellet
bak hytta. Fjellet er vel 300 m høgt og på
bildet ser ein stor havet i bakgrunnen.


No rundar sola Kråkenes og går i hav.
Slik kan vi sjå sola frå hytta når der er fine kvelder,
heilt fram til midten av september.


I gamle dager var der gjerder og grinder
i utmarka høgt til fjells.

Det er ganske imponerande murar som står igjen
frå eldre tider, denne var heilt rett. Ingen stein stakk framom.


Kusymra er koma. Ganske flott når
heile bergsida er gul.

Denne måsen hadde sett folk før!
Eg kom ganske nær før eg tok bildet,
slik at fuglen kom i fokus og bakgrunnen vart meir diffus.

Denne Bjørkefinken heldt konsert for oss i toppen av furua.
Vakkert!

fredag 3. april 2009

God påske


Denne buketten gjekk forbi mens eg heldt på
å ta bilder. Nydeleg:-)))
Som de ser har vi vår på Vestlandet.
Her er sol og 15 C i skuggen.

Med desse bilda tatt idag 3. april kl 17.15
vil eg ønske alle ei riktig GOD PÅSKE